Tor Jonsson-selskapet

 

Tor Jonsson-selskapet vart skipa i slutten av april 2000. Kort tid etter vart Tor Jonsson-stova opna - restaurert etter godt arbeid av Lom kommune, som i mange år hadde late stova stå å forfalle.

Selskapet er organisert som ei sjølstendig stifting. Styreleiar er Håvard Teigen. Dei andre styremedlemmene er Sverre Tussvik, Bård Hanem, Randi Thorsen, Aud Gunnhild Hove, Egil Olav Nyrnes og Hans Sandviken.

På 50-årsdagen for Tor Jonssons død i januar 2001 vart dagen markert av Tor Jonsson-selskapet med ein minnematine på Det Norske Teatret i Oslo og ei høgtidsstund ved grava hans i Lom.