Olav Aukrust
(1883 - 1929)

Olav Aukrust vart fødd på Nordgard Aukrust i Lom. Han arbeidde som lærar til 1917, dei siste åra som folkehøgskulestyrar, og han slo seg ned i heimbygda att etter endt lærargjerning. Olav Aukrust brukte heimbygdsdialekta si i alle dikta sine. Han hadde ein sterk kjærleik til det heimlege og rotvaksne, men diktinga hans ber og preg av det universelle. Han kunne samstundes vera kunstnarbohem. Til tider kunne han vera intens i si naturdyrking. Nokre av dikta hans har sterk lokal tilknytning. Andre dikt syner den åndelege krafta som særpregar lyrikaren Olav Aukrust.

 

Programoversyn 2007
Tor Jonsson
Knut Hamsun
Olav Aukrust
Diktardagar 2007

Tor Jonsson-selskapet