TJ heading 

  • Start
  • Biografi
    • Lyrikaren
    • Avismannen
  • Jubileumsåret
    • 100 år i kjærleik og død
    • Einseto
    • Arrangement
  • Bibliografi
  • Tekster
  • Lyd og film
  • Stusslegstugu
  • Tor Jonsson-laget
  • Kontakt
03aug

Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå

 

DdagarDiktardagar i Lom, Skjåk og Vågå går av stabelen 31. august til 3. september. Det er i år 100 år sidan Knut Hamsun skreiv romanen Markens grøde som han mottok Nobelprisen i litteratur for i 1920. Markens grøde blir overordna tema på litteraturseminaret og under dagane som heilskap. Den yngre garde får også ta del i markeringa med Markens grøde-seminar for elevane på den vidaregåande skulen og eit spesiallaga opplegg for elevane på ungdomsskulane med forfattar Aina Basso.

Elles er vi svært glade for å ha med oss Norges 57. morsomste mann, Are Kalvø, rockepoeten Tom Roger Aadland som har gjendikta fjorårets Nobelprisvinnar i litteratur, Bob Dylan, til nynorsk, diktardøtre frå dalen, vår eiga Ragnhild Kolden som i år har motteke strålande kritikkar for romanen Det gode vi ikkje gjer deltek med opplesingar i Lom, Skjåk og Vågå, og debutant Therese Tungen frå Kvam som har fått svært gode skussmål for novellesamlinga Ein gong var dei ulvar, Jens M. Johansson som skreiv ein av fjorårets mest kritikarroste romanar Et godt liv og Selma Lønning Aarø som i fjor kom ut med romanen Hennes løgnaktige ytre, ein roman om Anna Munch, kvinna som var besett av Knut Hamsun. I tillegg blir det opplesingar, måleriutstilling med Wilhelm Bjertnes, Ola Grøsland held årets Tor Jonsson-foredrag om Tor Jonsson og Knut Hamsun. Det blir Diktarmiddag på Fossheim med Are Kalvø og Endre Skjåk, konsertar og fjelltur. Sist men ikkje minst vil våre lokale diktardamer, Vera Henriksen og Lisbet Lid Venås, få sin velfortente heider og merksemd under dagane. Vel møtt!

Program og billettar 

14mai

«Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson»

TJ omslagI dag er det 101 år sidan Tor Jonsson vart fødd i Lom. Jubileumsåret i fjor synte at det fortsatt er stor interesse for diktaren, og at mange av tekstane hans lever i beste velgåande. Vi i Tor Jonsson-laget er svært glade for at jubiléet vart så vellykka som det vart, med ei mengd godt besøkte arrangement rundt om i landet, teateroppsetjingar, ny musikk til dikta, Tor Jonsson-magasin og bokutgjeving.

På dagen hans i dag er vi svært tilfredse med å kunne melde om ei ny bok om Tor Jonsson. Også denne utgjevinga kom til som eit resultat av 100-årsjubiléet. Boka som kom i fjor, Eit ord er eit under. Tekster i samling, er ei bok med tekster av Tor Jonsson. Boka som kjem i år Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson, er ei bok om forfattaren.

Tittelen på boka er henta frå diktet «Den ukjende», frå samlinga Ei dagbok for mitt hjarte, som vart utgjeve posthumt i 1951. I siste strofa i diktet seier diktar-eget: «Meg kan ingen grava ned. Det er ingen som har kjent meg».

Boka inneheld 18 artiklar om Tor Jonsson og ulike sider ved livet og forfattarskapen hans. Elleve av tekstane er nyskrivne eller omarbeidde for denne boka. Dei tek til dømes for seg Tor Jonsson som samfunns- og bygderefsar og drøftar korleis omgrepet "bygdedyret" er blitt knytt til Tor Jonsson. Andre artiklar samanliknar Tor Jonsson med Alf Prøysen og dreg parallellar og peikar på skilnader mellom han og Aasmund Olavsson Vinje. Vidare handlar det om Tor Jonssons retoriske landskap, mor/barn-tematikk og andre sentrale emne i den lyriske diktinga.

Dei 7 siste bidraga er eldre tekstar der samtidige forfattarar, skribentar og forskarar skriv om livet og forfattarskapen til Tor Jonsson. Fleire av dei hadde eit personleg forhold til han.

Bidragsytarane er Inge Eidsvåg, Gard Espeland, Ottar Grepstad, Andreas Hompland, Aslaug Nyrnes, Svein Johs Ottesen, Jan Inge Sørbø, June Røys Hauge, Ove Røsbak, Arthur Arntzen, Paul Breiehagen, Jan-Magnus Bruheim, Inger Heiberg, Reidar Djupedal, Halldis Moren Vesaas, Tore Ørjasæter og Ottar Brox.

I år som i fjor er det Oplandske Bokforlag som står for utgjevinga. Håvard Teigen, leiar i  Tor Jonsson-laget og professor ved Høgskolen i Innlandet, og Svein Johs Ottesen, omsetjar og tidlegare kulturjournalist og kritikar i Aftenposten, har redigert boka.

Boka går i trykken i desse dagar og blir lagt ut for sal seinast 25. mai. Ho kan bestillast på Oplandske Bokforlag eller kjøpast over disk på Lom folkebibliotek. 

Vi avsluttar med diktet «Den ukjende» og håpar at rett så mange av dykk vil tinge boka og få ny kunnskap om og glede av Tor Jonsson og diktargjerninga hans.

Den ukjende

Eg er ein mann som ingen kjenner.
For den eg er, gjekk støtt ein ukjend veg.
Farvel, da alle gode venner,
som berre kjenner han som aldri likna meg.

Meg kan ingen rose eller laste,
for ingen kjenner meg, og ingen kjem meg nær.
Så tei still venner, så eg slepp å høyre
ros og ris for det eg ikkje er.

Men ein gong kjem vel alle venner
og fører meg til grava. Og så godnatt, godnatt.
Men eg skal fylgje med når de går heim frå laget,
da skrymtar eg i skuggane, i grenda går eg att.

Meg kan ingen grava ned, det er ingen som har kjent meg.
Det bur ein annan i meg, han åtte aldri ord.
Han lever att i andre og vandrar i sin himmel
på denne barndomsfagre og bombesprengde jord.

 

14jan

Tor Jonsson-året er over

forfatter2016 var Tor Jonsson-året. Det var 100 år sidan han vart fødd. Det var 14. januar han døydde etter å ha teke livet sitt. Det er 14. januar i dag. Vi ville ikkje starte jubileumsåret med å feire den tragiske måten han gjekk bort på. Derfor venta vi med å starte feiringa. Derimot er det naturleg å markere avslutninga på jubilemsåret i dag, på dødsdagen.
 
Jubileumsåret har vore ei glede med festkveldar og tilstellingar for forfattaren land og strand rundt. Tor Jonsson-laget fekk ut ny bok på Oplandske Forlag med tekster i samling, artiklar, noveller, journalistikk, humordikt osv. Boka med tittelen «Eit ord er eit under» er nå utseld og nytt opplag under trykking. 
 
Teaterstykket «Berre kjærleik og død» har hatt 5 oppsettingar med fulle hus. Stykket er skrive av Ingar Sletten Kolloen og vart opphaveleg sett opp av Trøndelag teater. Det gjekk eit par år omkring tusenårsskiftet. Mottakinga dette jubileumsåret vart slik at Trøndelag Teater har bestemt seg for å sette det oppatt på nytt hausten 2017. Tor Jonssons orkester vil nok på same måte halde fram med konsertar i åra som kjem. 
 
Ikkje minst: dikta lever vidare dag etter dag, år etter år. Han er også i dag ein diktar for folket frå «Skuggesida:
 
Ei gåve du gav meg, grend av det gråe; Viljen til strid
Striden for meg og dei andre småe, - for alt det som lid.
 
Tor Jonsson kjende seg oftast åleine – også når han var saman med andre. Dei siste månadane handla mange dikt i ulike variantar om denne einsemda. Vi avsluttar derfor denne dagen med eit slikt dikt. 
ANDAKT I EINSEMDA
Kvifor, Gud, har du gått ifrå meg?
I kyrkja kan ingen nå deg.
 
Der Gud er i ordom, er einsemda nær.
Du er ikkje der dine prestar er.
 
Kvar kyrkjekor er så tung og trong.
Du er berre der du vart fødd ein gong.
Alle prestar trur du er nær.
Eg har ikkje Gud og spør kvar du er.
 
Eg spør i mitt kveldsskrik: Kvi gjekk du bort,
så døden vart blomar og bar i ein port?
 
Sume vil ha ein gud av tre,
andre ein gud til å prata med.
 
Sume vil ha ein gud av ord,
andre ein gud til si odelsjord.
 
Sume seier du er i alt,
i stjerner og dyr og dove salt.
 
Eg veit ikkje meir enn at gode menn
har sagt du var sedd i denne grend.
 
Tor Jonsson-laget ved leiar Håvard Teigen.
 
25nov

Bokpakker med Tor Jonsson-bøker

Årets julegåvetips! Tor Jonsson-nett med Tor Jonsson-bokpakker! Løp og kjøp på Lom folkebibliotek!

Bokpakke 1

Bokpakke 1: Eit ord er eit under, Berre kjærleik og død og Dikt i samling: 600 kr

Bokpakke 3

Bokpakke 2: Eit ord er eit under og Berre kjærleik og død: 500 kr

 

Bokpakke 2

Bokpakke 3: Eit ord er eit under og Dikt i samling: 450 kr 

11nov

Tor Jonsson på frimerke

I dag lanserer Posten Tor Jonsson-frimerketScreenshot 2016 11 11 17 58 54 1.

Posten markerer i år jubilea til Tor Jonsson (1916-1951) og Johan Sverdrup (1816-1892), "den norske parlamentarismens far", med to nye frimerke. Sverdrup er best kjend for innføringa av parlamentarismen i 1884, kampen for at Stortinget skulle velja regjering og at Kongen skulle få mindre makt. Stiftinga av dei politiske partia var også ei kampsak for Sverdrup, som vart den fyrste formannen i det nystifta Venstre. Han engasjerte seg også i kampen for ålmenn røysterett for både kvinner og menn. Sverdrup var norsk statsminister frå 1884 til 1889. Tor Jonsson-laget synest det er stor stas at dei to frimerka blir lansert samstundes.

Frimerket med Tor Jonsson er verdsett til 20 kroner med portrett av forfattaren og verseliner frå diktet "Heimkjenning" i bakgrunnen. Sverre Morken står for design og gravyre. Ein kan bestille frimerket i nettbutikken til Posten. 

 

05nov

"Tagal" Tor Jonsson tonesett av Georg Buljo

Urframføring i Lom 12. november!

Georg Buljo har tonesett Tor Jonsson og har med seg eit knippe av våre fremste musikarar til å framføre den nye musikken. Susanna Wallumrød, Georg Buljo, Erlend Viken, Per W. Aaserud og Christian Svensson, Sigmund Bråtet bidreg med diktlesing. Møt opp på konserten i Utgard 12. november kl. 19.30!

Arr.: Diktardagar i samarbeid med Utgard.

Buljo

06okt

Hentekampanje Tabula Gratulatoria

Eit ord er eit underSom de veit, har boka med tekster av Tor Jonsson med tittelen «Eit ord er eit under» nå kome ut.

Nesten 300 vart med på Tabula Gratulatoria. Vi hadde målsetting om minst 100. Den store responsen var sjølvsagt svært gledeleg!

Denne veka og neste køyrer vi hente-kampanjer i Lom og i Oslo. Vi oppmodar fastbuande i Lom, Skjåk og Vågå og folk som er heime på haustferie, til å hente boka på biblioteket i Lom.

Mellom 50 og 100 av dei som har tinga boka er frå Oslo-regionen, og vi vonar at flest mogleg av dykk kan hente boka på tilstellingar i Oslo denne og neste veke.

Denne veka er konserten «100 år i kjærleik og død» på Rikscenen fredag 7. oktober. Vi vil vera der med utlevering og sal av boka frå kl 19.00. Vi vil også vera der etter konserten.

Vi er der også dagen etterpå frå kl 18.00

Dei som ikkje kan hente på Rikscenen desse to dagane, kan hente boka veka etter:

Da sit vi i resepsjonen på Bondeheimen

  • Torsdag 13 oktober mellom kl 16.00 og 18.00
  • Fredag 14. mellom 14.00-16.00
  • Laurdag 15 oktober Det Norske Teateret mellom kl. 17.00-18.00

Tabula-pris på boka er 300 kr. Ta med dette beløpet. Dei som har innstalert mCASH kan betale elektronisk.

Dei som ikkje kan møte, vil få boka tilsendt i posten. Posten er ikkje lenger billeg og prisen blir da kr 360-380.

Boka er også til sals på vanleg, men det vanlege i dag er dessverre at bokhandlar ikkje har boka i hylla og må bestille. Boka er også til sals på Lom folkebibliotek og på arrangementa i Oslo for dei som ikkje har tinga boka. Prisen er da 360.

Vi sel også bokpakker til følgjande prisar:

"Eit ord er eit under" og biografien: 500 kr

"Eit ord er eit under" og "Dikt i samling": 450 kr

"Eit ord er eit under", Dikt i samling og biografien: 600 kr

23sep

Motstraumsseminar i Hallingdal

MotstraumsDenne veka arrangerte Tor Jonsson-laget i samarbeid med Halllingdølen og Landslaget for norske lokalaviser (LLA) motstraumsseminar i Ål i Hallingdal. Tor Jonsson var ein periode redaktør for avisa Hallingdølen til han kom på kant med kristenfolket i dalen og presten i Ål tordentala over redaktøren frå preikestolen første dag jul i 1946.

Korleis styrke mangfaldet av sterke stemmer i media? Eller er det meir refleksjon og analyser vi treng? Dette var dei overordna spørsmåla for seminaret der Jon Hustad, Gudmund Skjeldal, Brynjulf Braanen, Jan Arild Snoen, Knut Olav Åmås, Hilde Sandvik og Frank Aarebrot var blant dei som heldt innlegg for dei rundt 50 deltakarane. Stein Torleif Bjella, Tor Jonsson Orkester og Dagfinn Nordbø bidrog med humoristiske og musikalske innslag.

Ein liten smakebit frå seminaret finn vi referert i Hallingdølen som vi og har fått låne biletet frå (fotograf: Susanne Adensfield). På spørsmålet om Tor Jonsson er aktuell i dag, hadde programleiar Andreas Hompland og Frank Aarebrot fylgjande vesle utveksling:

– Alle burde ha ein Tor Jonsson-raptus, men la det gå over. Ikkje la han vera ein følgesvein i livet, men å vera innom han er grunnlaget for ein kvar ung manns danning, slår Hompland fast. Han legg til at om Jonsson hadde blitt fødd i 1946, som han sjølv, og ikkje i 1916 ville han mest truleg vore bygdesosiolog i dag, noko som sjølvsagt hadde vore synd for norsk poesi. Det er då han får svar frå professor Frank Aarebrot i salen:

– Med tanke på dagens bygdesosiologar ville det kanskje vore betre om nokre av dei hadde vorte poetar i staden. 

Motstraumsseminaret føyer seg inn i rekkja som eitt av dei mange vellykka arrangementa knytta til Tor Jonsson i jubileumsåret. Over heile landet blir forfattaren minna og aktualisert. Dette gler sjølvsagt Tor Jonsson-laget storleg. Vi minner om at det òg er høve til å melde seg inn i laget. Sjå Tor Jonsson-laget på toppen av sida. 

 

09sep

Eit ord er eit under. Tekster i samling.

Uten navnBoka Eit ord er eit under. Tekster i samling er klar og ute på marknaden. Det er Oplandske Bokforlag som står for utgjevinga. Leiar i Tor Jonsson-laget, Håvard Teigen, har redigert boka og Jon Fosse har skrive forord. Boka inneheld essay og artiklar frå Nesler, andre essay og artiklar, forteljingar, skodespel, prologar og ein eigen del der journalisten og humoristen Tor Jonsson syner seg fram.

Da Tor døydde i 1951, heitte det i ein av nekrologane at han dessverre ikkje kom til å bli hugsa ved 100-årsjubileet fordi han hadde skrive for lite og døydde for ung. Nå i jubileumsåret kan vi slå fast at spådomen er gjort til skamme. Forfattarskapen er fortsatt aktuell, interessa for Tor Jonsson og tekstene hans er stor, og meir enn 270 personar og institusjonar helsar til forfattaren på Tabula Gratulatoria-lista i boka. Tor Jonsson-laget set stor pris på dette og ynskjer å sende ein takk til alle dykk. 

Dei som har bestilt boka og bur i Lom eller nabobygdene, kan hente ho på Lom folkebibliotek. Nokre vil få boka levert gjennom medlemmar i Tor Jonsson-laget på Lillehammer eller i Oslo. Dei andre på lista, vil få boka tilsendt i løpet av hausten. Det går også an å tinge boka via Oplandske Bokforlag eller heimesida til Tor Jonsson-laget. Prisen er da 360 kr, porto kjem i tillegg. Tabula Gratulatoria-prisen er 300 kr. 

19aug

Berre kjærleik og død

Wenche Strømdal 2I høve Tor Jonsson-jubiléet blir teaterframsyninga Berre kjærleik og død av Ingar Sletten Kolloen sett opp på Det Norske Teatret onsdag 24. og på Rudi gard torsdag 25. august.

I september blir det høve til å sjå stykket fredag 2. september under Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå og fredag 16. september på Trondheim folkebibliotek.

Teaterstykket fortel om ei meir ukjend side ved livet til Tor Jonsson. I 1950 innleidde han eit forhold til journalisten Ruth Alvsen. Berre eit halvår seinare, 35 år gamal, tok han sitt eige liv.

I stykket forsøker Ruth Alvsen å finne svar på kvifor det gjekk som det gjorde. Ho leitar i papira han etterlet seg og i eigne minne. 

Under det heile dirrar tre spørsmål: Skriv Tor Jonsson frå fyrste stund beretninga om eit varsla sjølvmord? Kvifor tok han livet sitt? Og kunne nokon ha hindra det?

Forestillinga hadde premiere på Trøndelag Teater i 2000, og har sidan vore spelt med suksess på fleire teater i resten av landet, sist på Norsk Litteraturfestival i år. Wenche Strømdahl er Ruth Alvsen, Hallbjørn Rønning er Forteljaren og Jarl Strømdahl er komponist og musikar. Regi: Nora Evensen.

På Det Norske Tetaret blir gjestespelet tatt i mot i samarbeid med Nynorsken hus, Bondeungdomslaget i Oslo og Tor Jonsson-laget.

Tittelen på stykket som også er tittelen på biografien om Tor Jonsson av Ingar Sletten Kolloen, er henta frå diktet "Fattig ynskje" frå diktsamlinga Ei dagbok for mitt hjarte som kom ut posthumt i 1951.

FATTIG YNSKJE

Var eg ein Gud,
ville eg skapa
ei stillare verd.
Der skulle alle elske.

Var eg ein Gud,
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.

Fleire artiklar …

  • Tor Jonsson-nett
  • Tabula Gratulatoria
  • Olsok i Lom med Tor Jonsson
  • Oransje det nye svart?
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5

Siste Nytt

  • Nærast er du når du er borte. Dikt i samling
  • DØDSDAGEN
  • Minnemarkering
  • Vandring på "Vår frelsers gravlund"
  • Unge røyster. Skrivekonkurranse for deg mellom 16 og 30!
  • Diktardagar 2018
  • Vandring på "Vår frelsers gravlund"

Våre sponsorar

  • Admin
  • Sidekart
  • Start
  • Biografi
    • Lyrikaren
    • Avismannen
  • Jubileumsåret
    • 100 år i kjærleik og død
    • Einseto
    • Arrangement
  • Bibliografi
  • Tekster
  • Lyd og film
  • Stusslegstugu
  • Tor Jonsson-laget
  • Kontakt