Minnemarkering
I morgon er det 70 år sidan Tor Jonsson tok sitt eige liv, 35 år gammal. Det vart skrive at denne store diktaren dessverre døydde for ung og derfor raskt ville gå i gløymeboka. Slik vart det ikkje. I 2016 var det hundre år sidan han var fødd. Da vart Tor feira over heile landet og av mange institusjonar og organisasjonar. Teaterstykket «Berre kjærleik og død» som hadde stor suksess etter at Ingar Sletten Kolloen skreiv Tor Jonsson-biografien med same tittel, gjekk på nytt for fulle hus. Nå, blir «Dikt i samling» gjeve ut på nytt, men med heile 50 nye dikt.
Her finn du Samlaget sin presentasjon av boka:
I Aftenposten i går (12. januar) finn vi overskrifta «Berre kjærleik og død – når kjem filmen?». Tor «lever» vidare. Tor Jonsson-laget vil legge ut dikt og tekster av og om Tor i dagane og vekene framover. Vi startar opp i dag, dagen før dagen han døydde 70 år sidan. Vi legg dette ut på heimeside (Tor Jonsson.no) og på Facebook.
Eit siktemål med den nye boka «Dikt i samling» er å vise at Tor hadde større breidde enn berre «kjærleik og død». Han skreiv også dikt som kommenterte hendingar i nåtida (høvesdikt) og han var folkelivsdiktar. Noko av desse nye dikta skal vi presentere framover.
I dag legg vi likevel ut ei gamal klassikar, diktet «Heimkjenning». Det er ei vanleg oppfatning at Tor berre var kritisk til folk og natur i heimbygda, - og at det berre var Lom han dikta og skreiv om. Slik var det ikkje. Hans kritikk og refs var allment samfunnskritisk. I dette diktet viser han oss eiga oppleving av desse sidene ved livet hans.
Lomsegga som reiser seg over Stusslegstugu, heimen til Tor. Ja det "er dei same fjell som før" , skriv han i diktet Heimkjenning-
Heimkjenning
Det er dei same fjell som før,
det er den same sol som blør
på tind og nut.
Og dei eg vende odd imot
er runne av den samme rot,
med same sut.
Her dryp det dogg i Trongdalsnatt
og logar over løynde skatt
i Skuggeli.
Ein dom er over livet sagd:
Du skaper brød, du skaper bragd
i dagsens strid.
Den same nakne kvasse egg
med ørnereir i bergevegg
høgg skyer sund.
Og same skyming sveiper inn
ei sumarnatt når dalen min
sig stilt i blund.
Det bevrar sol i blanke sva,
det susar vind i tusen blad
med stråleblenk.
Og sola gyller tind og glar,
ho seglar fram att i eit skard
med siste skjenk.
Sjå elvestilla fær sin eld
av soleglad imellom fjell.
Den gråe grend
ligg glødd som tind i morgongry
av strålestriling gjennom sky.
Og hjarta brenn –