Lokalavisseminaret:
Lokalavisa og diktarane
| Tor Jonssonselskapet ønkjer å arrangere eit seminar med lokalavisa og det
frie ord som hovudtema og samspelet mellom avisa og diktarane som ein raud tråd. Bakgrunn Tor Jonsson var diktar og journalist. Tor Jonssonselskapet vart skipa etter Ingar Sletten Kolloens biografi. Steinar Hansson var leiar i selskapet så lengje han levde, Kolloen sat i styret og Ingolf Håkon Teigene var ein gjennomgåande aktør. Selskapet har arrangert Diktardagane i Lom annakvart år. Namnet på arrangementet forklarer at det fram til nå er litteraten og litteraturen som har vore i sentrum. Journalisten Tor Jonsson og journalistikken har ikkje vore tema. Dette året er Diktardagane i Lom i sin heilskap knytt opp til Hamsun- jubileet. Styret i Tor Jonssonselskapet har derfor vedteke å arrangere eit seminar om journalistikk og tilhøvet mellom journalistikk og litteratur. Det er på tide, både i lys av Tor Jonssons virke og også når vi veit at Tor Jonssonsselskapets stiftarar alle har hatt journalistikken som utgangspunkt for skrivarlivet sitt. Konsept Vi vil byggje på det same konseptet som Diktardagane i den meining at vi har Tor Jonsson som utgangspunkt og eit fast innslag, men brukar hans liv og virke som vår plattform for å kaste lys over brennaktuelle tema i dag. Det dagsaktuelle temaet vi tek utgangspunkt i nå, er at lokalavisene har vorte vinnarane i opplagsmarknaden. På den andre sida blir det hevda at dei ikkje eigentleg driv journalistikk, i alle fall ikkje kritisk journalistikk. Tor Jonsson er kanskje den i lokalavishistoria som har vorte kjent, for ikkje å seie berykta, for dristig og kritisk jounalistikk. Først som journalist i Dølen og så som redaktør i Hallingdølen, dreiv han ein journalistikk som til dels rysta både lesarane og heile lokalsamfunnet. Med dette som utgangspunkt har vi funne vår inngang til dette seminaret. Vi vil prøve å forstå lokalavisane sin suksess, kaste lys over mulige konsekvensar av denne suksessen og spesielt ta med oss tilhøvet mellom lokalavisjournalistikken og det vi har begrepsfesta som skrivarlivet til diktarane. Dette seminaret ser vi på som eit mogleg startpunkt for eit seminar som skal gå annakvart år (dei åra vi ikkje arrangerer Diktardagar). Dette første arrangementet vil derfor ha eit eksplorativt design, det vil seie at vi vil reise breie tema for seinare å kunne avgrense og spisse det som viser seg mest relevant i høve til tida og tilhøva. Tema på det første seminaret - Vi startar seminaret med opplesing av høgdarar frå Tor Jonsson. Sjølv om innleiaren står fritt, skal det mykje til om det ikkje blir med nokre sitat frå den artikkelen Skyer på Guds Himmel der han skreiv seg ut av Hallingdølen. Dette blir fulgt opp temaet diktingas og jounalistikens retorikk med Tor Jonsson som døme. Kritiske røyster reiser så problemstillinga: finn vi slike lokalavisjournalistar og diktarar i bygd og by nå til dags? - Utviklinga i avismarknaden skal dokumenterast, både opplagsutvikling og konsekvensane. Ei av problemstillingane her er om det vil gå i avismarknaden som i forlagsmarknaden, at dei små med suksess blir kjøpt opp av dei store eller om suksessen kan vidareførast med lokal finansiell- kulturell- og sosial kapital. - Med lokalavisane sin framgang, reiser vi også problemstillinga om korleis dette påverkar karrierane (eller det vi kallar skrivarlivet). Den klassiske skrivarvegen har gått frå det lokale til regionale og nasjonale og (trur vi) frå journalistikken til litteraturen. Har det vore slik og kan dette endre seg i framtida? - Med desse problemstillingane som utgangspunkt, inviterer vi forfattarbiografar til å presentere forfattarane sine som journalistar eller avisskrivarar. Seminaret er tenkt som eit startpunkt for ein brei historisk dokumentasjon av tilhøvet mellom lokalavisjournalistikk og skjønlitterære skrivarliv. Arrangement og arrangørar Seminaret skal vere i Lom 15 og 16 oktober. Tor Jonssonselskapet er høvudarrangør, og har denne gongen med seg Landslaget for lokalaviser og Pressehistorisk foreining som medarrangørar. Fagleg stør vi oss sterkt til journalistutdannings-/ forskingsmiljet ved Høgskulen i Volda. Seminaret er førebudd av ei lita arbeidsgruppe: Håvard Teigen og Andreas Hompland (Styreleiar og styremedlem i T.J.), Arnhild Skre (Leiar i Pressehistorisk forening) og Rune Hetland (Dagleg leiar i LLA).
|