Biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen har samla og publisert fjelldikt av diktarane frå dalen og frå heile landet i Ord om fjell. Her er dikta av Tor Jonsson: Ord om fjell av Tor Jonsson. Dikta er òg innlesne av lokale innlesarar som les på dialekt der det høver. Under ser de eitt av dikta, På draumegras.

 

På draumegras

 
Sigmund Bråtet les diktet. Foto: Merete Byrøygard

av Tor Jonsson 

Eg ligg på draumegras i avferdsange
frå alt ei frostnatt femnde mellom fjell.
I siste skøyre seinhausttimen er det mange
som helsar livet med eit stilt farvel.

Du vilje som var med da isen slipa
si strenge rune i det mørke land,
du sveiper inn i sky den siste haustsolstripa
og knuser gleda med ei knokut hand.

Du frøyser blomeblod til småe stjerner,
 du svarte lagnad, - slikt skal evig skje.
Du strålar kulde inn i alle strå og kjerner
og døyver verk i sår på gamle tre.

Det lyser gulna lauv som glør i graset.
Det doggast over livsens svik og svir.
Mot himmelranda logar fjell i haustekstase.
Det blånar frost og død frå det som blir -

Eg ligg på draumegras og ser dei mørke dagar
i sprang for livet mot ein mektig vår.
Eg høyrer sevjesus ein stad og ser det svagar
ei blomegrein der guden går og går -

Kjelde: Dikt i samling, Noregs boklag, 1967, s. 104