Eg åtte ikkje kjærleik
men tala pent med englemunn
og alle mine tome ord
gjer stygg mi levestund.

Eg såg det vonde koma
og visste kva det galdt
men åtte ikkje kjærleik
og difor sveik eg alt.

Eg brann for alle arme
og stod i broderring,
men åtte ikkje kjærleik
og difor er eg ingen ting.

Eg åtte ikkje kjærleik
og difor er eg jord.
Men kanskje finst eit rike
der einast kjærleik gror.

Gjev meg svolt og svide,
gjev meg einsemd på ei øy.
Den som elskar han skal sigre
over døden med å døy.

Døden går i verda
skapar dagen om til natt.
Der skal døden overvinnast
kjærleik einast leva att.

Gjev meg gull og grøde
gjev meg meire enn eg treng.
Ein gong skal eg døy i einsemd,
lik ein fugl med broten veng.

Diktet Eg åtte ikkje kjærleik vart funne ved senga til Tor Jonsson ute på Ingierstran. Dette diktet ser ut til å vera noko av det aller siste Tor Jonsson skreiv. Først 24 år etter at han døydde, vart diktet publisert da Inger Heiberg redigerte andre bind av Tekster i samling.