Soga om steinrøysane

steinrøysFoto: NRK Alf Prøysen: Steinrøysa neri bakkenDet er ikkje berre Alf Prøysen som har skrive om steinrøysa i norsk litteratur. Tor Jonsson skreiv også om steinrøysane som han såg som eit minnesmerke over husmennene. Heile livet var Tor Jonsson oppteken av tilhøvet mellom husmenn og ættebønder. Han var sjølv son av ein husmann som hadde ein sterk og levande draum om å eige jord. Faren Johannes Jonsson hamna i ein lang og bitter strid om frikjøp av husmannsplassen Prestkroken i Lom. Jonsson tapte saka, og i 1924, da Tor var åtte år, måtte familien flytte inn i Stusslegstugu. Dette var ei stugu dei hadde reist på plassen til morsslektningane til Tor. Der hadde dei ikkje ein gong så mykje jord at dei kunne setje ei bøtte poteter. Å bli fattig var ikkje berre ei ulykke, det var ei grenselaus skam, skriv Tor Jonsson i artikkelen Husmannsvegen. I Soga om steinrøysane skriv han om framveksten av husmannsstellet, den rosemåla bonderomantikken, den egoistiske kakseånda som framleis rår og menneskeverd knytt til samfunnsklasse. Soga om steinrøysane vart fyrst publisert i Kooperatøren i 1947. Heile artikkelen er å finne i Nesler frå 1952 og Tekster i samling I frå 1973. 

Soga om steinrøysane

Soga  om steinrøysane i Noreg – det er soga om slit og fattigdom. Historikarane har lagt lite vekt på å syne fram innsatsen til fattigfolket gjennom tidene. Men likevel har fattigfolket i soga vår tusentals minnesmerke utover landet, gråsteinrøysar som talar sine tydelege ord om slit i grenselaus fattigdom og ein skræmeleg sum av naud og bitter sorg. Steinrøysane er vitne om ei tid som ikkje hadde vakna til medvit om menneskeverdet.

Sjå på steinrøysane kring gardane, i elvelanda og ikkje minst kring dei nedlagde heimane i utmarkene, der røysane har sige djupt ned i jorda. Da vil du kanskje kjenne ein samanheng med farne tider, ein samanheng som du ikkje finn i all den rosemåla bonderomantikken, ein grå samanheng. Det er som å sjå att den gamle skakke stova der far og mor døydde.

I steinrøysane trivst ingen romantikk. Alt er steinkald røyndom, historisk røyndom. Er røyndomen for grå til festbruk? Ta han med i festtalene likevel. Det er ikkje bra å lyge i borna ætt etter ætt. La det endeleg ein gong bli slutt på alt blindt og ukritisk kyt av gamletida og bondekulturen. La den historiske røyndomen få rive opp i romantikken, så kanskje ein og annan får vondt samvit av di han har idealisert ein faders sorg og naud.

Forresten er det i grunnen menneskeleg at vi helst vil sjå dei historiske solstrålane, vil gløyme alt det vonde. Du har fått deg opp eit nytt hus og har bra innkome, du vil helst gløyme at far din sleit seg ut for ei husmannsløn og budde i ei halvroten torvtakhytte. Men den vonde tida skal ikkje gløymast. For arven frå denne tida er framleis levande. Enno bur folk i gamle husmannshytter mange stader, enno set fattigdomen eit åndeleg trælemerke på borna. Og enno rår det ei egoistisk kakseånd i mange bygder. Vi vil sjå det sanne i soga av di vegen vi skal gå i framtid da blir klårare. Og det er vi som skal føre kampen mellom aristokratisk ættesyn og demokratisk samfunnssyn til ende. […]

– – –

Den samla årsaka til at husmannsstellet voks fram, var fattigdomen. Slik samfunnstilhøva var den gongen, kunne ikkje bygdene skaffe gode nok levevegar til alle, da folketalet auka. Men husmannsstellet vart atter årsak til enda meir fattigdom og naud. For det første var det eit tungt slit å rydja og drive plassen attåt pliktarbeidet på garden, og for det andre kunne ikkje plassen skaffe levebrød til dei store barneflokkane, og bygdeproletariatet auka snøgt. I uåra vart det ofte hungersnaud blant husmennene. På mange måtar vart det lagt tyngsler på dei. I sume bygder hadde såleis alle husmennene pliktarbeid på prestegarden i slåttonna.

I litteraturen har vi ofte fått eit falskt bilete av den romantiske husmannshytta med den flinke barneflokken. Men det strålar ingen romantikk av husmannsstellet. Ikkje nokon stand har gjort slik innsats for landet i eit par hundreår som husmennene, ja, ein kan trygt seia at det var dei som la det materielle grunnlaget for nasjonalt sjølvstende ved arbeidet dei utførde i jordbruket.

Men bakanfor denne innsatsen skimtar vi eit liv i slit, fattigdom og saknad. Alt så tidleg som først i 1800 tok husmennene til å reise krav om betre kår sume stader, og i Thrane-rørsla var dei aktivt med. Men dei vanta opplysning og talsmenn. Sidan har den sosiale utviklinga avskaffa denne siste resten av trælehaldet her i landet og gjeve oss eit anna syn på fattigdomen og fattigfolk. Ingen skal lenger gå omkring på legd og få vanvyrdnad til takk når han har slite seg ut for andre.

– – –

Ein times ettertanke ved ei gamal steinrøys kan gje oss eit innsyn i soga som skulane aldri gjev. Stein er lagt på stein av trælar, løysingar, kotkarar og husmenn gjennom tidene. Ein endelaus her av menneske i slit og fattigdom teier. Men steinane talar. Og steinane talar sterkare etter som tida går. For vi er enno eit folk i sosial vakning, eit folk med aukande medvit om kva eit menneske er, og kva det er verd.