Arkivert i kategorien: Hendingar

Tor Jonsson på frimerke

I dag lanserer Posten Tor Jonsson-frimerket. Posten markerer i år jubilea til Tor Jonsson (1916-1951) og Johan Sverdrup (1816-1892), «den norske parlamentarismens far», med to nye frimerke. Sverdrup er best kjend for innføringa av parlamentarismen i 1884, kampen for at Stortinget skulle velja regjering og at Kongen skulle få mindre makt. Stiftinga av dei politiske partia […]

«Tagal» Tor Jonsson tonesett av Georg Buljo

Urframføring i Lom 12. november! Georg Buljo har tonesett Tor Jonsson og har med seg eit knippe av våre fremste musikarar til å framføre den nye musikken. Susanna Wallumrød, Georg Buljo, Erlend Viken, Per W. Aaserud og Christian Svensson, Sigmund Bråtet bidreg med diktlesing. Møt opp på konserten i Utgard 12. november kl. 19.30! Arr.: […]

Kvite fuglar – Tor Jonsson i fargar

Både svart og kvitt er sterke symbol i poesien, ikkje minst hos Tor Jonsson. Men tekstane hans kan også vera fargerike, med både kontrastar og nyansar. Forestillinga Kvite fuglar er laga i høve jubileumsåret av Hallgjerd Byrkjeland og Katarina Svendsen. Her vekslar prosa, poesi og biografi med musikk, mellom anna av komponistvenen Sparre Olsen. Premieren er […]

Eit ord er eit under. Tekster i samling.

Boka Eit ord er eit under. Tekster i samling er klar og ute på marknaden. Det er Oplandske Bokforlag som står for utgjevinga. Leiar i Tor Jonsson-laget, Håvard Teigen, har redigert boka og Jon Fosse har skrive forord. Boka inneheld essay og artiklar frå Nesler, andre essay og artiklar, forteljingar, skodespel, prologar og ein eigen […]

Berre kjærleik og død

I høve Tor Jonsson-jubiléet blir teaterframsyninga Berre kjærleik og død av Ingar Sletten Kolloen sett opp på Det Norske Teatret onsdag 24. og på Rudi gard torsdag 25. august. I september blir det høve til å sjå stykket fredag 2. september under Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå og fredag 16. september på Trondheim folkebibliotek. Teaterstykket […]

Vellykka jubileumsmarkering i Lom

21. mai gjekk jubileumsmarkeringa for Tor Jonsson av stabelen i heimbygda Lom. Folk møtte opp i hopetal til opninga av den nyrestaurerte Tor Jonssons plass og til vandringa «Ord i stein». Steinheller med sitat av Tor Jonsson er nå plassert rundt omkring på Bergom, noko som gjer diktaren langt meir synleg i bygdesenteret. Ved stuslegstugu […]